I denne boka viser Etnespeidarane aktivitetar og mat dei har hatt på møta sine dei siste åra, under merkelappen Laurdagsspeiding. Laurdagsspeiding er fire timar lange speidarmøte, med aktivitetar og matlaging, der barn, unge og vaksne har det kjekt saman. Boka viser aktivitetar og oppskrifter slik at du kan lage maten og gjennomføre aktivitetane sjølv. Aktivitetar og mat er sett saman til åtte ferdige møteopplegg og ein tur, som kan gjennomførast med grupper på fem til ti barn, unge og vaksne i fellesskap, etter ein gudsteneste, i eit hyttefelt, i speidargruppa, i eit idrettslag eller på skulen.